Æresmedlemmer - Ørskog Brass

ØRSKOG BRASS
Go to content
ÆRESMEDLEMMER
  Frå korpset blei starta i 1972 er det berre to som er blitt heidra til Æresmedlemmar i Ørskog Brass.  
Det seier tydelig ifrå om kor høgt denne utmerkinga heng og om den årelange tenesta som ligg bak.  

HELGE GISKEMO
Han var saman med redaktør i Bygdebladet Kjell Opsal, initiativtakar til å starte korpset i -72. Han var korpset sin første formann og når han ga seg i 1996 etter 24 år so var det meir enn nok grunn til å innføre æresmedlemsskap i Ørskog Brass. Lista blei lagt høgt. Han sat i styret i alle dei åra, enten som formann eller korpsleiar. Hans store styrke var å heile tida vere åpen for nye tankar og impulsar som kunne bringe korpset viare. Å størkne i gammalt tankegods er ikkje Helge sitt vis. Erfaringa frå skuleverket gjorde og at han hadde ei skjeldan evne til å behandle den einskilde medlem fair, både når det gjaldt ros og ris. Har mottatt Kretsens Hederstegn Bordbanner. Helge blei utnevnt til Æresmedlem i Ørskog Brass ved 25 års jubileumet 25. oktober 1997.  

PEDER O. LANDE
1916-2009
12 år gammal byrja Peder i 1928 på Eb-kornett i den då nystarta Ørskog Guttemusikk. Det blei starten på ei lang teneste for korpsmusikken i Ørskog. Det var som dirigent Peder sette so store far etter seg. Ikkje minst for Ørskog Skulekorps som han dirigerte i nærare 40 år. Han var og vår dirigent dei første fem åra før han som musikar held fram i Ørskog Brass til 1999. Då 83 år gammal. Han var sjølvlærd og betaling var det lite med, slik ildsjelene i den generasjonen var vande med. Det var gleda av å drive med musikk som var drivkrafta. Ikkje minst det å undervise stadige nye generasjonar med ørskogborn. Han mottok Norges Musikkorps Hederstegn for dirigentar. Han fekk og Kulturprisen i Ørskog og ikkje minst fekk han Kongens forteneste medalje i sølv for sitt arbeid for korpsmusikken. Peder blei utnevnt til Æresmedlem i Ørskog Brass 1. mai 1999.
__________________________________________________
Hovedsponsor
Back to content