Historie - Ørskog Brass

ØRSKOG BRASS
Go to content
HISTORIE
I 1972 hadde det ikkje vore vaksnekorps i bygda på 20 år. I 1952 vart Ørskog Hornmusikk lagt ned, mykje avdi ein ville vere fødselshjelp til det då nystarta Ørskog Guttemusikk (Ørskog Skulekorps), som då overtok instrument og notar.
Redaktøren i lokalavisa Bygdebladet, Kjell Opsal tok initiativ til å starte opp igjen korps og fekk saman med Helge Giskemo samla interesserte til skipingsmøte sein hausten -72.
Namnet på korpset vart Ørskog Ungdomskorps.
Peder O. Lande, som og dirigerte skulekorpset, vart korpset sin første dirigent. Øvingane starta på nyåret -73. Korpset hadde god utvikling og fikk etterkvart besetning etter mønster av britiske brassband. Skifta soleis namn til Ørskog Brass i 1982.
I 1986 starta vi saman med Tomra Brass Band, Tomra Ørskog Festivalen som har blitt arrangert kvart år sidan. Vi deltok på Norgesmesterskapet for brassband første gong i 1988 og har delteke kvart år sidan.

__________________________________________________
Hovedsponsor
Back to content