KORPSFESTEN I NORDVEST

Laurdag 10 april:

TØF –  Amatørkorps og generasjonskorps.

Søndag 11 april:

Nordvesten – Skulekorps, aspirant og juniorgrupper.   

Festkonsert og premieutdeling.

TØF Nordvesten

STØRSTE KORPSFESTEN MELLOM BERGEN OG TRONDHEIM !!

Tomra Ørskog Festivalen (TØF)

er Møre og Romsdal sin mest tradisjonsrike musikkorps festival, og har vore arrangert kvart år sidan 1986. TØF er eit samarbeid mellom Ørskog Brass og Tomra Brass Band som arrangerar annankvart år. Sidan 2016 har vi samarbeida med Norges Musikkorps Forbund avd. Nordvest (Nordvesten). Amatørkorps og generasjonskorps konkurrerar etter TØF sitt reglement medan skulekorpsa konkurrerar etter NMF sitt reglement. I år er Ørskog Brass arrangør .

Norgestoppen, nybegynnere, vaksne og born.

Kvart år samlast ca 900 korpsmusikantar til korpsfest i Gomerhuset på Skodje. Born og vaksne, amarørkorps i norgestoppen og generasjonskorpsa der både foreldre og born spelar i same korps.

Konsertklasse:

Korps kan og vere med utan å konkurrere. Får som alle dommarkommentarar til å vekse på.  LES MEIR

Festkonsert

Vi avsluttar med ein forrykande festkonsert  – og etterpå er det premieutdeling !

 

Vi vil inspirere dei unge musikantane

Det er ikkje vanlig at både vaksne og born deltek på same korpsfestival.

For Tomra Ørskog Festivalen har dette vore ein bevisst profil heilt sidan starten. Det er heilt sentralt for oss å vere ein inspirator for unge skulekorpsmusikantar.

Vi meiner sjølve at vi er med på å skape gode oppvekstkår for dei unge, samstundes som vi tilbyr ein hobby som varer livet ut.

I vårt fellesskap finn alle seg til rette !