Siste revisjonar:
Etter TØF 2025: Det blir gitt tidsstraff for å overskride gitt speletid. Det blir trekt 1 poeng pr. påbegynt minutt.
Etter TØF 2026: Det blir ikkje gitt poeng for program valg.
Amatørkorps
2 divisjonar i både brass og janitsjar klassa.
Korpsa spelar eit sjølvalgt program på inntil 20 min eller eit lengre musikkstykke.
Inntil 100 p for musikalsk framføring.
I kvar divisjon blir dei 3 beste korpsa, samt beste solist og beste gruppe premiert.
Solist skal stå med namn i programmet.
Napp i vandrepokalen for amatørkorps til korpset i 1. divisjon med høgast poengsum. Brass eller janitsjar.
Generasjonskorps
Ein divisjon i både brass og janitsjar klassa.
Korpsa spelar eit sjølvalgt program på inntil 20 min.
Inntil 100 p for musikalsk framføring.
Dei 3 beste korpsa samt, beste solist og beste gruppe blir premiert.
Solist skal stå med namn i programmet.
Konsertklasse
Ingen konkurranse eller poeng giving. Korpsa får dommarkommentarar. Solist skal stå med namn i programmet.
Alle divisjonar
Open dømming med 2 dommarar.
Divisjonar kan bli slått saman om ein har ferre enn 3 påmeldte korps.
Det blir gitt tidsstraff for å overskride gitt speletid. Det blir trekt 1 poeng pr. påbegynt minutt.
Spelerekkefølga blir ikkje bestemt ved trekning. Årsaka er at ein del korps har felles medlemmar, samt at vi så langt råd er gir dei som reiser lengst, seinast mulig
speletidspunkt.
Korpset er ikkje rekna som påmeldt utan betalt påmeldingsavgift. Korps som melder avbod etter betalingsfristen får ikkje påmeldingsavgifta refundert.